Fasiten er enkel

To serierunder står igjen av årets sesong og med siger i begge kampane er Hødd klare for OBOS-ligaen. Første hinder for eit opprykksjagande Hødd-lag er borte mot Brattvåg laurdag!

Hødd gjorde jobben mot Gjøvik-Lyn sist og vann komfortabelt 4-0. Magnus, Alfred, Robin og Eirik noterte seg alle med eit mål i kampen. Ein skikkeleg lagsiger med mykje flott spel offensivt og som alltid botnsolide bakover i bana. Hødd klatra med dette opp på 1. plass før Ull/Kisa sin bortekamp mot Asker søndag. 

Mange hadde nok forventa at Ull/Kisa skulle ta over tabelltoppen etter kampen mot Asker søndag, men slik vart det ikkje. Asker som kjempar om å halde seg i divisjonen la ned ein formidabel innsats og klarte å få med seg 1 poeng. Det såg lenge tøft ut når Asker vart redusert til 10 mann, men Ull/Kisa klarte aldri å bryte ned eit hardtarbeidande Asker-lag. Det resultera i at Hødd framleis er på topp før dei to siste serierundene skal spelast.

Ull/Kisa har Eidsvold til helga på heimebane og avslutta siste serierunde borte mot Levanger. 

For Hødd sin del er første hinder Brattvåg borte førstkomande laurdag, før laget tek imot Tromsdalen heime på Høddvoll i siste serierunde.

Laurdag er det derfor klart for fylkesderby når Brattvåg og Hødd barka saman. Før kampen skiller det 24 poeng mellom laga i favør Hødd og i det motsatte oppgjeret enda det med 3-0 siger til Hødd på Høddvoll. Sjå høgdepunkta frå den kampen her:


Brattvåg har variert veldig i prestasjonane i år og var lenge på nedrykksplass, men har i haust klart å plukke nok poeng og plassen er meir eller mindre sikra før dei to siste serierundene skal spelast. Det betyr at Brattvåg eigentleg ikkje har noko anna å spele for enn tabellposisjonen, men som alltid vil slike derby gi begge lag litt ekstra motivasjon. Motivasjonen bør uansett vere størst hos Hødd som kjempar om opprykk!

Fasiten er enkel = Med siger i dei to siste seriekampane vil Hødd vere tilbake i det gode selskap og spel i OBOS-ligaen frå 2023!

Vi oppmoda derfor alle som kan om å møte opp på Brattvåg stadion og støtte laget i kampen om opprykk!

Tek du turen til Brattvåg og støttar laget?

Heia Hødd!

Annonse: