Fanzone: Hødd - Arendal

Søndag 9. juni inviterer vi til årets "happening" på Høddvoll!


Fanzone

Vi gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer Fanzone i Ulsmohallen i forkant av Årets kamp mot Arendal! Her vil fleire bedrifter og samarbeidspartnarar stille med stand.

- Vi oppmoda samarbeidspartnarar og andre bedrifter til å stille med stand under årets Fanzone, og vere med å skape aktivitet for barn og unge som dei seint vil gløyme. Dette var ein knallsuksess i fjor, og målet er å lage minst eit like godt arrangement i år, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd, André Aurvåg Gardshol.

Stand
Sparebanken Møre, Elkjøp, Spar Ulsteinvik, Puma, Intersport, Metizport, og Dugano er blant dei bedriftene som stiller med stand på årets Fanzone. Her er det plass til fleire!

Har du spørsmål om Årets kamp? Ta kontakt med André Aurvåg Gardshol på telefon 99 54 21 59 eller e-post: [email protected].

Annonse: