
Erlend Larsen klar for Hødd
Hødd Fotball og Erlend Larsen er einige om ein kontrakt som strekkjer seg ut 2022-sesongen!
Erlend er ein offensiv wingback/ kant som har sine styrker i det offensive spelet med gode løp og føring av ball. Tempo og erfaring frå OBOS-ligaen der han står oppført med 111 kampar. Den siste heile kampen var for to veker sidan når Åsane spelte uavgjort 1-1 mot Sogndal.
Vi ønsker Erlend velkomen til Hødd!