Enrique Tinoco Miro tilsett som ny spelarutviklar

Enrique «Kike» Tinoco Miro er tilsett som ny spelarutviklar i Hødd Fotball ut sesongen.

Enrique kjem frå Raufoss der han var tilsett som assistenttrenar for G19-laget. I tillegg til ein solid fotballbakgrunn, så er han utdanna fysisk trenar.

Sportssjef Jesper Törnqvist er veldig fornøgd med å få Kike på plass:

  • Vi er veldig fornøgd med å få på plass Kike i første fase ut året med ambisjon om eit lengre forhold! Kike er ein ambisiøs trenar som vil tilføre oss ny kompetanse og nye impulsar. Han skal jobbe med å legge til rette for betre spelarutvikling i klubben og blir ein viktig støttespelar for enkeltspelaren sin veg mot sine mål.

Enrique ser fram til å starte i jobben:

  • Eg har hatt ein god dialog med Jesper ei god tid no. Ser verkeleg fram til å starte i jobben som klubbens nye spelarutviklar. Rolla mi blir å følgje opp dei beste emna i klubben og vere med påverke utviklingsløpet, og gjere dei best mogleg rusta for å ta det neste steget. Min observasjon denne veka er at det gror godt i klubben og at det mange gode spelarar i Hødd. Det å få jobbe med spelarar med gode holdningar og som har ein driv etter å utvikle seg vidare ser eg verkeleg fram til. 

Vi ønsker Kike velkomen til Hødd!

Annonse: