Endringar i Hødd-stallen

Vi takkar tre spelarar for innsatsen i Hødd-drakta og ønsker dei lukke til vidare i nye klubbar.

- Andreas Waterfield Skjold er selt til Arendal.
- Andreas Televik melder overgang til Spjelkavik.
- Iver Krogh Hagen går permanent til Brattvåg, etter eit vellukka låneopphald.

Dagleg leiar og Sportssjef Jesper Törnqvist kommenterer endringa i troppa slik:

Andreas Waterfield Skjold
- Etter ein god dialog med Andreas har vi blitt einige om at det rette for han no er å finne ein klubb der han får spele jamleg. Han kom til oss i starten av 2025 og går no permanent til Arendal. Vi ønskjer han lukke til vidare!

Andreas Televik
- Ein lokal spelar som har vore ein fast del av A-stallen dei siste tre åra. No er tida inne for at han tek neste steg og får ei større rolle på eit førstelag. Vi har hatt ein god dialog over tid, og Andreas går no til Spjelkavik. Vi kjem til å følgje han tett vidare!

Iver Krogh Hagen
- Iver har vore på utlån til Brattvåg gjennom 2025-sesongen, og har levert gode prestasjonar. Dette har ført til at Brattvåg ønskjer å gjere overgangen permanent. Takk for innsatsen i blått, Iver!

Annonse fra Obos-ligaen: