Endring A-lag herre

Fleire endringar for A-lag herrer.

Takk for innsatsen!

Bendik Engen har etter god dialog med klubben valt å flytte til Bergen for å studere, og vil fortsette spelarkarrieren på eit lokalt 3. divisjonslag. Bendik har hatt fleire periodar i klubben, med sitt største augeblikk sigersmålet mot Skeid i 2020. På biletet ser vi Bendik Engen rett etter han har satt inn sigersmålet til Hødd.

Anselmi Mikael Nurmela kom til Hødd med store forventningar etter ein lang periode utan fotball. Etter litt trøbbel med å kome i kampform har Anselmi og klubben blitt einige om å avbryte avtalen. Anselmi flyttar til Hønefoss og vil spele for HBK.

August Nyland avbryter låneavtalen med Hødd og flyttar tilbake til Molde og jobb i MFK.

Tusen takk for innsatsen alle tre!

To nye i A-stallen

Daniel Brandal og Martin Elveseter blir flytta opp i A-stallen. Begge to har over tid vist at dei har noko på dette nivået å gjere og har stabilisert prestasjonane sine. Dette gjer at dei no går inn i A-stallen til Hødd.

Annonse: