Endeleg kvalik!

Laurdag smell det igjen på Høddvoll når Arendal kjem på besøk til det første kvalikoppgjeret.

Herrelaget vart klare for kvalifisering for fleire runder sidan, då det var ei god luke både oppover og nedover på tabellen. Etter å ha avslutta seriespelet med seks strake sigrar er Hødd veldig klare for å ta fatt på sluttspelet.

Laurdagens motstandar vart ikkje avgjort før forrige helg då Arendal og Egersund møttest til siste serierunde. Sistnnemnde hadde ei leiing på ni poeng med tre rundar igjen, men etter to strake tap var avstanden ned berre tre poeng. I kampen om andreplassen vann Arendal 5-2 og sneik seg forbi Egersund på målforskjell. Dermed er det Arendal som skal kjempe med Hødd om opprykket.

Unngå kø på kampdag - kjøp din billett her.

Peder Nersveen har vore ein viktig brikke for Hødd i år og er ein av dei som har spelt samtlege kampar. Han gler seg veldig til laurdagens kamp.

- Det er fryktelig deilig og motiverande å spele desse kampane når det er noko ekstra som står på spel, seier han.

Midtstopparen kom til Hødd frå nettopp Arendal før sesongen, så for han blir det i tillegg eit oppgjer mot tidlegare lagkameratar.

- Eg spelte under same trenar og med mange av dei same spelarane i fjor. Formasjonen også var den same, så eg kjenner til måten dei speler på. I tillegg har vi sett dei på video, så motstandaren har vi bra kontroll på, meiner han.

Har du hugsa å bli med i MÅLKLUBBEN?

Saka held fram under bilete.

LAGBILETE: Desse 11 starta mot Bærum i den siste seriekampen.
LAGBILETE: Desse 11 starta mot Bærum i den siste seriekampen.

For Hødd handlar det likevel om eigne prestasjonar, og Peder håper laget klare å gjenskape dei gode prestasjonane som har utvikla seg utover hausten.

- Vi har først og fremst fokus på oss sjølve. Hødd skal framstå solide og spele god offensiv fotball. Då skal vi vere gode nok til å slå Arendal. Det blir nok uansett ein intens og spennande kamp, men forhåpentlegvis med fleire Hødd-mål enn Arendal-mål, seier Peder.

Første kampen går på Høddvoll, laurdag 16.00. Vi håper at du vil ta turen og støtte karane i det som forhåpetlegvis er sesongens nest siste heimekamp! Billett kan du kjøpe her.

Vel møtt!

__________________________________________________

Informasjon om kvalifiseringa:

  • Det skal spelast to runder (til saman fire kampar) for å rykke opp. Begge rundene inkluderer heime- og bortekamp.
  • I første runde møter 2. plassen frå avdeling 1 (Hødd), 2. plassen frå avdeling 2 (Arendal).
  • Første kamp går på Høddvoll laurdag 20. november, 16.00, medan returoppgjeret går på Norac stadion laurdag 27. november, 15.00.
  • Samanlagtvinnaren her møter laget som kjem på 14. plass i OBOS-ligaen (p.d.d. Stjørdals/Blink).
  • Der vil Hødd/Arendal spele på heimebane først, onsdag 1. desember. Returoppgjeret vert spelt laurdag 4. desember på bortebane. (Tidspunkt for desse kampane er ikkje bestemt.)
  • For desse kampane gjeld bortemålsregelen. Det vil seie at om det er uavgjort, så vil laget med flest scora mål på bortebane gå vidare. Dersom det også er likt, vil kampen gå til ekstraomgangar og evt. straffekonkurranse.
  • Laga tek ikkje med seg gule kort frå seriespelet, men to gule kort vil gi suspensjon.
Annonse: