Endeleg kamp igjen!

Søndag spelar herrelaget sin første treningskamp for året – sju månader etter forrige kamp.

Sist herrelaget spelte kamp var i starten av november fjor. No er det klart for sesongens første treningskamp, og søndag står Øygarden på motsett banehalvdel. Kampen startar kl. 14.00 på Fosshaugane Campus i Sogndal.

Assistenttrenar Mikkel Bjørnstad gler seg til kamp.

- Det blir fantastisk å kome i gang igjen. Vi har ikkje spelt kamp sidan starten av november, så no er det på tide, seier Mikkel.

Hødd har hittil i år spelt fleire internkampar, men no blir det endeleg ny motstand mot laget som enda på 16. plass i fjorårets OBOS-liga. Dermed skal dei spele på same nivå som Hødd i år, men i den andre avdelinga.

- Det blir noko anna å ta på seg Hødd-drakta og møte eit anna lag. Vi får eit heilt anna motspel taktisk, og vi får testa ut korleis vi står mot andre lag på vårt nivå. Det blir viktig å få samkøyrd system og relasjonar slik at vi er klar til seriestart. På trening har det sett bra ut, så no gjeld det å utføre det mot andre lag også.

Hødd har med seg ei stor tropp, der planen er at samtlige skal få verdifulle minutt i beina.

- Det er lenge sidan sist kamp og derfor skal ikkje alle spele 90 minutt på søndag. Med eit tett kampprogram når sesongen startar, så er det også viktig at alle får kamptrening no.

Følgjande er med i årets første kamptropp:

Marco Priis Jørgensen, Mathias Grimstad, Jann Julin Benjaminsen, Ramzi Touré, Joakim Wrele, Magnus Bruun-Hansen, Andreas Fjørtoft, Peder Nersveen, Ola Heltne Nilsen, Vebjørn Hagen, Syver Skundberg Skeide, Sverre Økland, Paul Moussinga, Fredrik Gjerde, Oskar Løken, Eirik Franke Saunes, Tobias Hatløy, Bendik Engen, Håkon Leine, Robin Hjelmeseth og Andreas Televik

*Kampen blir ikkje vist nokon plass så vidt vi veit, men følg med her for oppdateringar og kamptråd.

Annonse: