Eliteseriespiss til Hødd!

Alfred Scriven (22) signerte i dag for Hødd ut 2021-sesongen, men klubben har opsjon på å sikre seg signaturen for ytterlegare eitt år. Foto: www.miffotball.no

Alfred kjem frå Gol i Hallingdal og har dei siste sesongane spelt for både Mjøndalen og Asker. Ein spelar med eit uforløyst potensial med erfaring frå Eliteserien, OBOS-ligaen og PostNord-ligaen.  

I 2021 har han vore involvert i seks seriekampar for Mjøndalen i Eliteserien og står bokført med ei skoring. 

Hovudtrenar Kevin Knappen er godt nøgd med signeringa:  
- I Alfred får vi ein høgreist spelar med bra fart. Han er flink til å true bakrommet, samtidig som han er relasjonell og lika å vere med i det oppbyggande spelet. Samtidig som han sjølvsagt er ein robust haudespelar.   
 

Vi ønsker Alfred velkomen til Hødd! 

Annonse: