Elias Heggland Myrlid klar for Hødd

Elias Heggland Myrlid har signert ei kontrakt med Hødd ut 2025-sesongen!

Elias kjem frå Brann og har erfaring frå Eliteserien, OBOS-ligaen, PostNord-ligaen, Norsk Tipping-ligaen og står med vanvittige 135 mål på 166 kampar!

Han var i fjor på utlån til Kongsvinger og Kristiansund BK.

Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:

- Elias er ein spelar klubben har hatt på blokka over ein lang periode. No var «timinga rett», og vi kan endeleg få sjå Elias i blått. Han er ein spelar med ekstreme tal i forhold til det å vere ein målscorar. Ein måltjuv som definitivt lika seg best inne i boksa. Med måten vi ønsker å spele på, vil dette vere ein god match. I tillegg kjem han frå ein fantastisk kvardag i Brann, der han har fått trena med fleire av Eliteseriens beste spelarar. Han har referanse og kvalitet som vil passe godt inn i det prosjektet vi har starta her i Ulsteinvik.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- Elias er ein spennande ung angripar med masse mål i seg. Bergenseren har hamra inn mål i Norsk Tipping-ligaen, PostNord-ligaen, og i tillegg fått speletid i OBOS-ligaen og Eliteserien. Vi er veldig godt nøgd med at Elias vel oss som sitt neste steg og vi skal saman jobbe mot vidare utvikling!

Vi ønskjer Elias velkomen til klubben!

Annonse: