Ekstrem dødballstatistikk

Lillestrøm er kjend som dødballaget i norsk fotball, men det spørst om ikkje Hødd har tatt over den trona i år.

Nyleg vart det sagt på ei riksdekkande fotballsending at Lillestrøm Sk hadde 17-7 på dødball etter 24 kampar. Det betyr at dei har scora på 17 dødballsituasjonar og sleppt inn «berre» 7 mål på dødball. Dette vart omtalt som ekstremt.

Kva skal ein då seie om Hødd sin dødballstatistikk på 21-0 så langt i år. 21-0? Ja, du las rett. Hødd har i år laga 21 mål etter faste situasjonar, altså dødballar. Det vil seie frispark, hjørnespark, straffespark og innkast. Det er ekstremt, men endå meir imponerande er at laget berre har sleppe inn eit dødball mål i år....

Mannen bak mykje av dette, i tillegg til spelarane sjølvsagt, er assistenttrenar Ørjan Heiberg. Han har ansvaret for dødballar og forsvarsspelet på Hødd sine treningar og kampar. Joakim Dragsten er sjefen for det meste, mellom anna det offensive spelet. Men på den defensive biten er det altså Ørjan som er «heilt sjef». Han har også litt av ein statistikk å vise til.

- Eg har no rundt 5 år som trenar med berre 1 mål imot på dødball, humrar Ørjan.

Han seier at dei brukar opp til ein halvtime i veka på treningsfeltet for å øve og terpe på dødballar. I tillegg kjem ein del tenkearbeid på trenarkontoret om same tema.

- Det handlar sjølvsagt litt om motstandaren, men vi har mange faste opplegg. Timing, detaljar, sperrer, kvar skal hjørnesparket kome osv. Alle lag har som regel 2 variantar, medan vi har 10. Materialet for å jobbe med dødball her i Hødd er for øvrig bra. Så er det min jobb å få maksimalt ut av det.

Ørjan legg mellom anna vekt på Hødd sine gode stopparar som også har scora ein del mål i år.

- Magnus (Bruun-Hanssen) taper omtrent aldri ein kroppsduell. Då skaffar han rom til blant andre Ola (Heltne Nilsen) som er god til å heade. I tillegg har Thomas (Lillo) også fått sine sjansar på dødball no. Marius (Alm) er heller ingen «smågut» i feltet. I tillegg til desse har vi fleire gode dødballspelarar.

For Ørjan handlar det om at dødballar er ein viktig del av spelet og då vil det vere dumt å ikkje legge vekt på at det finst ein del moglegheiter.

Sjølv har han spelt en god del Futsal der det er kort veg til målet og mykje er «trekkbasert». Eit par år hadde han nest flest mål i Futsal-serien, berre slått av ikkje ukjende Pål Andre Helland.

- Når det er dødball og dermed gjerne korte stopp i spelet kan ein gjere avtalar om kva trekk ein skal bruke. Det er noko vi må bruke i kamp.

Så får vi håpe at noko av dette kan brukast også i dei siste seriekampane i år - i det som vert ein nauta spennande slutt på sesongen…

Vi ønsker Ørjan, trenarteamet og laget lykke til i kampen mot Kjelsås!

Annonse: