#ejemed: Sesongkorta går unna

Bjørnar Urke (til høgre) og Andreas Djupvik har fornya sine sesongkort.

Annonse:

Sesongkortsalet går bra, og vi tok ein prat med to av dei som var innom Høddvollhuset for å kjøpe sesongkort tysdag formiddag. 

Viktigaste no er å bygge eit kjempegodt lag

- Mitt håp for 2017-sesongen er at Hødd startar bygginga av eit kjempegodt lag, og at gutta skal spele gode kampar, seier Bjørnar Urke.

Han har sett kampar sidan 1960-talet, og har hatt sesongkort i fire år no.

- Er du i slekt med Hødd-keeper Jan Lennart Urke?

- Nei, det er eg ikkje, men eg kjenner han godt.

- Trur du Hødd vert eit topplag neste år?

- Eg er ikkje sikker på at det vert opprykk, men viktigaste no er som sagt å bygge lag og spele gode kampar, avsluttar Bjørnar.

Håpet er enda fleire spelarar frå distriktet

Andreas Djupvik har hatt sesongkort på Høddvoll heilt sidan klubben starta å selge sesongkort, og har fulgt Hødd sidan 1950-talet.

- Kva er ditt håp for Hødd i 2017?

- Håpet er at Hødd klarer å etablere eit godt lag med fleire spelarar frå distriktet, og då gjerne med spelarar frå junioravdelinga i klubben. Om det tek to år å spele seg opp igjen i OBOS-ligaen, så har eg tålmodigheit til det, seier Andreas.

Kjøp sesongkort her!

#ejemed

Annonse fra Obos-ligaen: