Eitt poeng mot Asker - ny kamp tysdag

Hødd tok eit sterkt bortepoeng mot Asker og satsar på seier mot VIF 2.

Herrelaget spelte 2-2 mot Asker på laurdag i det som vart ein tøff bortekamp i varmen. Asker tok leiinga halvspelt i det som var ein jamn første omgang. Hødd pressa litt på inn mot pause, noko karane tok med seg inn i andre omgongen. Med litt taktiske forandringar vart fekk Hødd betre press utover i omgangen.

- Eg synes eigentleg det er eit sterkt poeng. Asker borte er tøft og med tanke på at vi også ligg under 2-0 så var det ok. Å hente opp igjen leiinga viser ein bra moral i gruppa, seier Oskar Løken.

Sjølv om Asker gjekk opp til 2-0 etter ein corner, reduserte Eirik Saunes og Hødd rett etterpå. Løken scora Hødd sitt andre mål for dagen med eit langskot, og med det sitt første seriemål.

- Det var sjølsagt moro å score mål, spesielt med bestefaren min på tribuna, seier han.

Allereie tirsdag er det ny kamp mot VIF 2. Andrelaga er alltid litt usikkert korleis dei mønstrer laget, men VIF 2 vann heile 5-2 mot Moss på bortebane laurdag. Det inkluderte heile tre straffescoringar og dermed hattrick for Sakarias Opsahl. Vi har uansett størst fokus på oss sjølve.

- Uansett kva vi møter, så går vi ut med same innstilling, og det er å ta tre poeng, forklarer Oskar.

Og om det blir fleire mål for Oskar på turen håper vi, men han legg ikkje lista alt for høgt.

- Vi får sjå om det blir scoring. Tre poeng er uansett det viktigaste for oss!

Kampen går tysdag 17.00 på Intility Arena, og som vanleg blir den vist både på vikebladet.no og smp.no.

Heia Hødd!

Annonse: