Eirik: - Vi skal kjempe hardt for eit godt resultat på bortebane
Søndag spelar Hødd borte mot Arendal og midtstoppar Eirik Blikstad seier ei rett innstilling til kamp og ein god prestasjon i botn blir viktig for å få eit godt resultat på bortebane. Toppfotball
Eirik Blikstad har hatt ein god sesong i Hødd og har verkeleg stått fram som ein viktig brikke i forsvarsspelet i laget.
Etter fleire baklengsmål i starten på sesongen har Hødd nesten ikkje slept inn mål dei siste 10 kampane, og Eirik i saman med resten av laget skal ha stor ære for dette. Ser ein bort frå nokre spennande sluttminutt sist mot Lysekloster der Hødd slepte inn to seine mål, så har forsvarsspelet våre botnsolid over ei lengre periode.
Vi har i forkant av kampen mot Arendal derfor tatt oss ein prat med Eirik Blikstad.
Korleis føler du sesongen så langt har gått for din eigen del og laget?
- Eg føler sesongen har våre veldig lærerik for både meg sjølv og laget. Vi har som gruppe klart å holde fokus på utvikling og det å bli betre kvar einast dag. For min eigen del har det våre veldig gøy å få vere ein del av det, både når det gjelder å utvikle meg sjølv som spelar og å bidra for laget.
Laget har fått ein god start på haustsesongen og står med 12 strake sigrar før bortekampen mot Arendal. Korleis vil du beskrive mentaliteten i gruppa?
- Mentaliteten i gruppa er veldig sterk. Vi jobba godt med detaljane både offensivt og defensivt for å utvikle spelet vårt. Det handla om dei små tinga i kvardagen som utgjer ein stor forskjell. Samtidig er det ein audmjukheit og ein vilje til å lære som gjer at vi er svoltne på å ta nye steg saman. Som vi seier – aldri vere fornøgd.
Det vart siger mot Lysekloster sist, men nokre spennande sluttminutt før Hødd kunne juble for nye 3 poeng. Kva kan ein lære av denne kampen?
- Det er mykje positivt å ta med seg frå kampen mot Lysekloster sist, men det er også nokre ting som vi treng å juster på som vi jobba med på trening kvar dag. Vi ser at vi kan styre kampen når vi er på vårt beste, og i dei gode periodane handla det om å få omsette dei sjansane vi skape. Det er også viktig å holde konsentrasjonen oppe i sluttminutta.
No er det klart for ein tøff bortekamp mot Arendal, eit lag som har underprestert i årets sesong med tanke på kor på tabellen dei var tippa før sesongen. Korleis ser du på denne kampen, og korleis skal Hødd få med seg eit godt resultat heim til Ulsteinvik?
- Eg gleda meg veldig til kampen. Vi møter eit bra lag med eit godt duellspel, som vi må matche dei på. Det blir viktig å ha fokus på våre eigne arbeidsoppgåver, og utnytte dei moglegheitene vi får. Med ei rett innstilling til kamp og ein god prestasjon i botn, skal vi kjempe hardt for eit godt resultat på bortebane.
Vi ønsker Eirik og laget lukke til i kampen mot Arendal søndag!