Eirik: - Har vist at vi klarer å hamle opp med dei fleste i divisjonen

Vi tok oss ein prat med midtstopparen før Lillestrøm-kampen.

Eirik Blikstad var kaptein på juniorlaget til Strømsgodset, fekk sin debut i Eliteserien og spelte U19 EM i 2023. I januar 2024 signerte han for Hødd, og har imponert alle med spelet sitt, seriøsiteten sin og vore ei ledestjerne i utviklinga av treningskulturen som er i klubben no. Vi tok oss ein prat med midtstopparen før Lillestrøm-kampen.

Internt meiner ein at du har vore viktig i utviklinga av treningskulturen som er i klubben no. Korleis tenkjer du at du har bidrege til det?

- Konkrete ting eg har prøvd, er å vise ein stor treningsvilje i kvardagen. Både på fotballbana, og kanskje spesielt utanfor bana. Ta ansvar for det som skjer i garderoba, i gymmen og på eigentrening. Men først og fremst handlar det om å ta eit ansvar for eiga utvikling.

Kor stor utvikling har det vore i Hødd sidan du kom hit?

- Då eg kom, var det mange nye spelarar og eit nytt trenarteam. Eg føler det gjorde at vi starta på eit nytt kapittel. Sidan då har vi kome svært langt. Det handlar om samhald, innsats på trening og den sosiale biten som har blitt ei styrke for oss. Vi har blitt ein fantastisk gjeng. Det var ikkje der i starten, då vi ikkje kjende kvarandre, og mykje var nytt og usikkert.

Laurdag kjem Lillestrøm til Høddvoll. Korleis ser du for deg inngangen til den kampen?

- Eg trur mange av gutane gler seg til å møte eit av dei beste laga i ligaen. Vi har vist så langt i sesongen at vi klarer å hamle opp med dei fleste i divisjonen, og eg trur det vert ein svært kjekk heimekamp. Så må vi klare å handtere både motgang og medgang som vi får undervegs i kampen. Det handlar om marginar, og å vippe dei i vår favør.

I fjor var du ein viktig del av ein av Noregs tettaste forsvar, og det har fortsett litt i same spor denne sesongen. Korleis har de fått til det?

- Det handlar om at vi har jobba mykje med forsvarsspel. I tillegg har vi klart å ta med oss soliditeten frå fjorårssesongen inn i denne sesongen, og vi har jobba med å utvikle det vi har vore gode på. Vi har også fått nye tilskot til både forsvarsrekkja og keeperstallen, som gjer at vi stiller sterkare om det kjem skader. Dei nye som er henta inn, fortener skryt for å ha kome inn og løfta forsvarsspelet til eit nytt nivå.

Korleis ser du fram til å møte ein klassespiss som Thomas Lehne Olsen?

- Eg tenkjer ikkje så mykje på kven eg møter. Eg prøver å førebu meg best mogleg, og så må ting handterast der og då når det skjer i kampen. Vi skal sjølvsagt ha respekt for motstandarane, men eg prøver å ta kvar kamp likt og starte med blanke ark.

Vi ønsker Eirik og resten av Hødd-laget masse lykke til i kampen mot Lillestrøm!

Annonse fra Obos-ligaen: