
Eirik Franke Saunes - 11 spørsmål
Bli kjent med midtbanespelar Eirik Franke Saunes!
1. Korleis vil du beskrive deg sjølv med dine eigne ord?
- Hardtarbeidande, uthaldande, flink til å sjå moglegheiter, målretta og positiv.
2. Kva er din største prestasjon/ bragd?
- Innsamlingsaksjonen til Karanba som eg hadde før jul der eg klarte å samle inn 50 000kr til barn og unge i Karanba.
3. Kva er den vanskeligaste avgjerda du nokon gong har teke, og kvifor?
- Er ikkje sikker på om eg har tatt nokon vanskeleg avgjersle. Men eg veit at eg har tatt noken avgjersle som har vert lett for meg, men sikkert ikkje så lett for andre. Det å for eksempel gi vekk alle julegavene til nokon som treng det kan dere vanskeleg for nokon. I år var dette lett for meg.
4. Kva bekymrar deg?
- Eg er ikkje ein bekymra person.
Ein ting kunne vert om eg vart skada og var ute ei lang tid, men det er ikkje noke eg tenker på eller bekymrar meg for.
5. Kva likar du å gjere på fritida?
- Trene, gå på ski, stå på ski, høyre på musikk og slappe av mellom treningane med film/serie og kompisane mine.
6. Kva provoserer deg?
- Urettferdigheit og forskjellsbehandling.
7. Kva engasjerer deg?
- Å kjenne at eg eller andre lukkast. Å sjå framgang eller resultater ut ifrå det du sjølv har jobba med.
8. Har du eit forbilde? Kven og kvifor?
- Nemanja Matić. Utrolig rolig og kontrollert med ball. Han er ein god duellspelar og god til å skjerme ballen frå motspelarar. Han er flink til å sjå offensive løsninger, han er ein som styrer spelet. I tillegg er han ein sentral brikke i forsvar. Han er flink til å holde midtbaneleddet samla slik at dei jobbar tett både offensivt og defensivt.
Desse eigenskapane gjer at Namanja Matić er eit forbilde for meg.
9. Kva les du aller helst av bøker?
- Bøker om fotball. Enten om fotballspelarar, mental trening innan idrett eller fotballforståelse. Bøker som gjev meg inspirasjon til å bli best mogleg i fotball.
10. Kvar ser du deg sjølv om 10 år?
- Då har eg tatt over rolla til Matić og spelar på midtbana til Manchester United.
11. Dersom vi kom heim til deg på middag, kva ville du servert oss?
- Då ville eg ha servert eit meksikansk måltid bestående av ulike varianter av meksikansk mat.