EIRIK F. SAUNES HAR SIGNERT

Eirik F. Saunes signerte i dag ein to-års avtale med Hødd.

Eirik F. Saunes signerte i dag ein to-års avtale med Hødd. Den hardtarbeidande midtbanespelaren har gått gradene i Hødd-systemet og står oppført med 39 serie og cup-kampar og 2 mål. 

Eirik: - Klart mål om å prege midtbana til Hødd

- Eg er først og fremst veldig stolt over å få vere med Hødd når dei feira 100-års jubileumet. Det å få gå ut med Hødd på brystet og vite at du kjem her i frå og har spelt hundrevis av kampa opp gjennom åra saman med mange av kompisane som er på laget, det betyr litt ekstra. Laget i år trur eg blir veldig bra og vi kjenne kvarandre svært godt med tanke på relasjonane vi har på bana. Ei fin gruppe å vere ein del av. Eg har eit klart mål om å prege midtbana til Hødd i fleire år framover!

Sportssjef Andrè Nevstad seier dette i ein kommentar:

- Eirik er ein spelar med mange spennande kvalitetar, som jobbar knallhardt kvar einaste dag for å utvikle seg vidare. Han har gått gradene i Hødd, er ambisiøs, lojal, og ein viktig bidragsytar som tek mykje ansvar både på og utafor bana. Vi ser fram til å jobbe vidare saman med Eirik, og er veldig godt fornøgd med at han har signert for 2 nye år i Hødd-drakta.

Vi gratulerer Eirik!

Annonse fra Obos-ligaen: