Eirik Blikstad klar for Hødd

Eirik Blikstad har signert ei kontrakt med Hødd ut 2025-sesongen!

Eirik har 25 kampar som kaptein på Strømsgodset 2 i 2023. Han har fleire aldersbestemte landskampar for Norge og var i tillegg med når Norge sitt G19-landslag spelte EM-sluttspel i 2023.

Hovudtrenar Marius Bøe:

- Eirik har skulert seg godt i Strømsgodset systemet, har ferdigheiter, dedikasjon og verdiar som passa perfekt inn i den profilen vi har på ein Hødd-spelar. Eirik har trena ei veke med oss. Han har imponert i trening og gjennom gode samtalar blitt einige om at dette er noko vi alle har tru på. Ønskjer han velkomen til klubben.

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist:

- Ein naturleg leiar med eit brennande ønske om å kome til Ulsteinvik for å utvikle laget og seg sjølv! Ung, svolten, nysgjerrig og ein ro med ballen kjenneteikna Eirik. Ein positiv fyr som vi ønskjer velkomen til Hødd!

Vi ønskjer Eirik hjarteleg velkomen til Hødd!

Annonse: