Einar Magne hjelper til på feltet

Einar Magne Skeide var sist veke tilbake på treningsfeltet saman med Sindre, Rafa og Frode. Han kjem til å bidra på feltet ei periode framover til Sander H. Nyland er tilbake frå sjukemelding. Sander gjennomførte ein operasjon i hofta tidlegare i sommar og er venta tilbake på trenigsfeltet litt ut i august. 

Einar Magne har opp gjennom åra hatt mange ulike roller i Hødd, blant anna var han hovudtrenar i 1997 og 1998. han var også Erik Brakstad sin assistent i 1995 når klubben var i Tippeligaen. Dei siste åra har han vore med i trenar-teamet rundt rekruttlaget, saman med både Sindre (2016) og Sander (2017)

Vi set stor pris på at Einar Magne ønsker å hjelpe til i perioden framover.   

Annonse fra Obos-ligaen: