Ein stor Høddar er borte

Av Arne Flatin

Det vert tomt i tribunehjørnet på Høddvoll no… Severin Myklebust (76) er borte etter ein hard kamp mot sjukdom.

Det tomromet i Hødd-familien vert vanskeleg å fylle.. Kvar gong eg er på Hødd-kamp framover kjem eg til å sjå opp på tribunehjørna på Severin sine faste plassar og tenke på ein stor Høddar.

Då eg gjekk gradene i Hødd på 70 og 80-talet rekna eg Severin som den største Hødd-sjefen. Og eg hadde då også mykje rett i det. Han var både fotballformann, oppmann for A-laget og involvert i mange kreative prosjekt for å samle inn pengar til Hødd.

Men det som sikkert er mindre kjend for i alle fall den yngre generasjonen er at Severin var ein svært habil fotballspelar. Han spelte til og med eliteseriekampar (1.divisjon) for Hødd, og eg hugsar særleg godt bildet av Severin teke i garderoben etter at Hødd sensasjonelt slo Pors 6-0 og berga plassen i 1970.

I 1976 var eg tett på A-laget som 10-11 åring og Severin var superinnbyttaren som scora mål etter mål. 9 seriemål vart det, berre eit bak Kjetil Hasund, og mange av desse kom då han entra bana med nummer 12 på ryggen.

Forholdet Severin hadde til Hødd kan skildrast best som livslang kjærleik. Og det var ein gjensidig kjærleik. Hødd Fotball har så mykje å takke Severin for, samtidig som eg trur det ga han enormt mykje å vere ein så viktig del av Hødd-familien.

Historiene om Severin og om korleis han skaffa inntekter til Hødd er mange. Det starta i grunnen med at han fekk i stand ein avtale med ALLE MENN som draktsponsor i 1972 som åleine ga klubben 25 000 kroner. Og det var frykteleg mykje pengar på den tida.

Realiseringa av Høddvollhuset var det han som gjekk i bresjen for og då klubbhuset vart teke i bruk til seriestarten i 1984 var det berre rett og rimeleg at Severin sprang først ut på bana framfor Hødd-kaptein Knut Ertesvåg.

Etter at eg var ferdig med ungdomsåra i Hødd kom eg endå tettare inn på Severin. Me kom saman i fotballstyret og hadde jamn kontakt opp gjennom åra. Severin var nok omstridd for enkelte. Han var nemleg ikkje redd for å seie det han meinte, og ikkje alle sette like stor pris på det. Men eg oppfatta at alt han sa og gjorde var fordi han ønskte det aller beste for klubben vår.

Dei seinare åra brukte han mykje tid på å følge opp barnebarna på fotballbana og det var ekstra kjekt å sjå det nære forholdet han hadde til Bendik. Då Bendik scora mot Florø i haust dedikerte han scoringa til morfaren som jubla med begge hendene i veret. Eit sterkt øyeblikk på Høddvoll.

Det har vore alt for mykje trist no… store Høddarar er borte. Først forsvann Eldor, no Severin. Det er hardt for familiane først og fremst, men det er frykteleg trist for Hødd-familien også…

La oss i Hødd ta vare på alle dei gode minna om Severin og minnest han i takksemd over alt han ga oss.

Fred over minnet.

Annonse: