Ein Hødd-bauta er borte

Av Arne Flatin

Når Eldor no er borte tenker me i Hødd først og fremst på Kari og borna, Jon Erik, Lena Mari og Karina. Og barnebarna; som Eldor brukte så mykje tid med som han berre kunne.

Eldor Skeide (21.oktober 1957- 4.juli 2021) går inn i historia som ein av dei store i Hødd si historie. 

Sjølv la eg for første gong merke til Eldor då han var kaptein på det gode juniorlaget midt på 70-talet som spelte 4.rundekamp heime mot Steinkjer. Som 10-åring såg eg nesten meir opp til juniorane enn A-lagsspelarane. Seinare har eg hatt mykje kontakt med Eldor, og rekna han som ein av mine aller beste Hødd-vennar.

Eldor var ein fin og roleg type. Han let seg ikkje vippe av pinnen. Smilet og latteren var aldri langt unna og han var flink til å samle folk. Eldor var rett og slett ein svært behageleg person å vere saman med. Han var lun og fin og hadde ein god kjemi med dei aller fleste.

Etter den aktive karrieren i Hødd (145 A-kampar og 4 mål) vart han henta inn som klubben sin aller første daglege leiar i januar 1985. Severin Myklebust styrte det aller meste i fotballgruppa og såg det store behovet for å få inn ein som var der på heiltid. Eldor var perfekt til ei slik oppgåve.

I åra som gjekk var det ei fin utvikling på Høddvoll og ikkje minst opprykket til Tippeligaen og året i vår øvste serie midt på 90-talet var høgdepunkt for Eldor og resten av klubben. Etter dette følte han nok at det var greit å få inn nye krefter. Men Eldor snudde ikkje ryggen til Hødd etter at han slutta som dagleg leiar. Tvert om. Det frivillege engasjementet var enormt. Han var med på fleire av dei store utbyggingane på Høddvoll, renoveringa av grasbana i 1999, kuntsgrasbana i 2003, Ulsmohallen i 2007, nye Høddvoll i 2015 og sist renoveringa av KGB. I 2015 vart han utnemnd til æresmedlem i Hødd.

Det vart sagt at Eldor var tenkaren. Det var han som fann dei gode løysingane som har kome klubben vår til nytte i så mange omgangar.

Sjølv har eg vore i heidersmerkeutvalet i IL Hødd saman med Eldor i veldig mange år. I 2019 sat me saman i jubileumskomiteen, HØDD i 100. 

Den aller finaste opplevinga saman med Eldor var likevel Cuba-turen i januar 2013. Påspandert av Cuba-kjennar Morten Jørgensen til utvalde Hødd-frivillege

Dagane i Havanna saman med Eldor, Einar Warholm, Bjarne Wærdahl og kona Solveig kjem alltid til å ligge langt oppe i minnebanken. Mykje løye med fine opplevingar i eit spennande land.

Eg sette veldig stor pris på vennskapet med Eldor. Og det er så umåteleg trist at han ikkje lenger er her. Me som kjende han frå Hødd må ta vare på dei gode minna me fekk i lag. Så kjem eg alltid til å tenke på Eldor når eg ser sonen Jon Erik som trenar på Høddvoll saman med Eldor og Kari sitt barnebarn, Elias, på ei av dei mange banene som Eldor var med på å bygge.

Fred over minnet. Takk for alt du var for oss i Hødd.

Annonse: