
Ein flott sesong for G13
Hødd sitt G13-lag har gjennomført ein veldig god sesong og kan sjå tilbake på fleire gode opplevingar frå årets sesong.
I seriespelet kom 9ar-laget på ein flott 2. plass. Gutane leia 1. divisjon lenge, men måtte til slutt nøye seg med sølvplassen etter dårlegare målforskjell. I 7ar-serien kom laget på 5. plass etter å ha levert fleire gode kampar.
Laget har også delteke på fleire turneringar i 2022-sesongen. Først ut var Lerum Cup som laget deltok i for først gang. Her gjekk laget heilt til finalen, men tapte til slutt 3-2 mot Sogndal i finalen. Gutane tok derfor sølv under årets turnering.
Norway Cup var også eit flott høgdepunkt for laget. Her deltok laget med eit 9ar- og 7ar-lag, og begge laga gjorde ein god figur under årets store turnering på Ekeberg. 9ar-laget kom til 16-delsfinalen i A-sluttspelet, men rauk dessverre mot eit solid Åsane-lag heilt på slutten av siste ekstraomgang. 7ar-laget leverte også ein fantastisk innsats, og kom til 16-delsfinale i B-sluttspelet.
Mange opplevingar for gutane, både på godt og vondt, men dette er det mykje læring i.
No er gjengen klare for å ta nye steg i 2023-sesongen.
Vi ønsker laget lykke til vidare!


