EIN BEREBJELKE I KLUBBEN

Jostein Saunes (65) er ein viktig del av den harde kjerne på Høddvoll. Møt mannen som har vore på Høddvoll sidan 1966.

I lag med fleire andre driv han dugnadsarbeid stort sett kvar dag der han har stålkontroll på anlegget. Han har blant anna stått i spissen for oppussinga på Høddvollhuset den siste tida. I tillegg hjelper han til rundt herrelaget i lag med Karsten Ulstein. Jostein er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik og har kone, tre born og er bestefar til to. Utanom familietida vert mykje av tida brukt på Høddvoll.

- Hugsar du ditt aller første møte med Hødd?

Litt glimtvis, men eg hugsar spesielt den første kampen mot Sarpsborg i 1966. Sidan har eg vore på alle fotballkampar med herrelaget på Høddvoll dersom eg ikkje har vore bortreist eller sjuk.

Kva er det som gjer at du er på Høddvoll så mykje som du er?

- Det er vanskelig å definere, men det handlar sjølvsagt om interesse og ikkje minst det sosiale. Vi har eit flott fellesskap mellom oss karane som arbeider no om dagen, og det har det vore heile tida, uavhengig av andre faktorar. Men det er vel først og fremst fordi eg synes det er kjekt – eg trur ikkje nokon kjem hit utan å synes det.

Kva er di viktigaste oppgåve her?

- Per dato er det å vere med og hjelpe til rundt herrelaget i lag med Karsten (Ulstein), men det blir like mykje arbeid med heile anlegget. Det trur eg er det viktigaste eg gjer for klubben.

Det nærmar seg seriestart for herrelaget - korleis trur du sesongen går?

- Eg har aldri spekulert så mykje om fotball, men eg håper veldig sterkt på eit opprykk. Det er sjølvsagt vanskelig å vite korleis vi ligg an, men opprykk er uansett håpet!

FEM KJAPPE

  • Korleis ser ein vanleg dag ut?

  • - OPP 7.30 - FRUKOST MED AVISER OG KRYSSORD - HØDDVOLL 10-15.30 NESTEN KVAR DAG – MIDDAG – GJERNE EIN FJELLTUR I LOKALMILJØET

  • Favorittlag utanom Hødd?

  • - ROSENBORG OG NOREG

  • Forbilde?

  • - DET MÅ VERE FAR MIN!

  • Hobby?

  • - FISKE, FJELLTURAR OG SJØLSAGT Å VERE BESTEFAR!

  • Reisemål når det vert lov igjen?

  • - EG ER IKKJE GLAD I Å FLYGE, SÅ DET UNNGÅR EG HELST

 

Annonse: