DUGNAD FOR TRENINGSLEIR

A-laget reiser på treningsleir neste veke til Tyrkia

Måndag kveld sett a-laget seg på bussen til Gardermoen for å reise på ein etterlengta treningsleir. Laget har på eiget initiativ finansiert turen heilt sjølve med god hjelp frå forskjellige støttespelarar!

Denne veka har dei fleste vore på Amfi Ulsteinvik på kveldstid for å male.
 
Vi har tatt oss ein liten prat med Joakim Wrele, som er ein av dei spelarane som har teke kontakt med forskjellige bedrifter for å høre om nokon treng hjelp.
 
Korleis gjekk dokke fram med tanke på å finansiere ein slik tur?

- Eg, Daniel Eid og Robin Hjelmeseth starta å prate om kva slags moglegheiter vi hadde og korleis få til ein treningsleir. Vi bestemte oss då for å høyre litt rundt med forskjellige bedrifter i Ulsteinvik, om det kunne være av interesse å gi oss noko arbeid som vi kunne tene til ein eventuell treningsleir. Vi fekk god kontakt med dagleg leiar i Amfi, Helene Holstad, som fekk oss spelarar på en dugnad i å male forskjellige veggar på Amfi. Vi skal også ha ein event med Amfi når det nærmar seg seriestart. Vi tok også kontakt med klubbens generalsponsor, Sparebanken Møre og skal i lag med dei bidra på Smak av Ulstein der vi skal ha artige aktivitetar med alle frå Ulsteinvik. Både Sparebanken Møres daglege leiar Ellen Kvalsund og Amfi´s daglege leiar har vore veldig hjelpsame og positive til dette! Vi har også vore i kontakt med Island Offshore og der ser det ut som om vi kan bidra i ein dugnad der også, så dette vert bra! Det er utruleg kjekt av bedriftene i Ulsteinvik at dei ser så positivt på dette og at dei vil hjelpe oss på vegen! At Hødd er ein viktig del av samfunnet merka vi godt når vi var ute og prata med dei forskjellige! Kjekt!
Vi har også ei botkasse frå fjoråret som vi sparte på og brukar på å finansiere turen!
 
Dugnadsånda er noko som står sterkt ellers i klubben, korleis bidreg dette inn i mot spelargruppa med tanke på det sosiale og samhaldet i gruppa?
 
- Dette skapar også eit sosialt fellesskap for oss spelarane då vi også er i lag utanom treningane. I og med at vi har eit ganske nytt lag er det viktig at alle dreg i same retning og det bidreg dugnaden og treningsleiren veldig mykje til! No gler vi oss til treningsleiren!

Nokre bileter frå dugnaden gjengen var på i veka:

Annonse fra Obos-ligaen: