Dovydas og Jonas på jobbskygging

Dovydas og Jonas frå Stranda var måndag på jobbskygging i Hødd og fikk eit innblikk i kvardagen på Høddvoll.

Annonse:

Dovydas Plucas og Jonas Hjelle, begge 13 år går på Stranda Ungdomsskule og var måndag på jobbskygging i Hødd. Gutane spelar for Stranda IL Fotball på G16-laget.

Kvifor jobbskygging i Hødd?

- Pga fotballintressa og møte med tidligare lagkamerat Olai Bjørdal som no spelar for Hødd G13/14.

Kva har dokke gjort i dag?

- Vi har fått helst på nokre av dei tilsette i klubben.
- Hjelpt til med pakking av nye draktsett.
- Omvisning på klubbhuset, Høddvoll og resten av det flotte anlegget.
- Fått eit innblikk i kvardagen på FFO.
- Intervju med André A. Gardshol som ein del av oppgåva frå skulen.

Korleis har dagen vore?

- Bra. Vi har fått eit godt innblikk i klubben og arbeidsoppgåvene til André A. Gardshol som vi har jobbskygga i dag. 

Begge gutane avslutta dagen med å møte Olai før G13/14 treninga.

Vi takkar for den gode innsatsen i dag og ønskjer gutane lykke til med årets sesong på Stranda sitt G16-lag. 

Annonse fra Obos-ligaen: