Didrik Sereba matchvinnar mot Odd 2!

Etter ein sjansefattig kamp tok A-laget årets første siger i PostNord-ligaen.

Annonse:

Hødd var det førande laget i store delar av kampen, men det var Odd 2 som kom til dei største sjansane. Kampens einaste mål kom etter 32 minutt. Etter eit godt forarbeid av Amani Mbedule kom Didrik Sereba åleine med keeper. Keeper Viljar Myhra kunne ikkje gjere noko med den gode avslutninga til Sereba. 

Nokon minutt før Sereba si scoring fekk Odd 2 ein stor sjanse etter ein glipp i Høddforsvaret. Avslutninga til Sander Haugen blei blokkert i siste liten. Tidlegare hadde Torbjørn Kallevåg eit godt forsøk på frispark, men keeper Myhra redda via stanga. Nemnte Kallevåg hadde også ein god sjanse rett etter pause. Vidare hadde Martin Mork Breivik ei avslutning i mål som blei avvinka for offside i det 72 minutt. Fem minutt før fulltid fekk Haugen og Odd 2 nok ein stor sjanse. Høddforsvaret rota nok ein gong, men keeper Jan Lennart Urke slo til med ei kjemperedning. Fleire sjansar og mål blei det ikkje på Høddvoll. 

Vi fulgte kampen på Twitter:

1. omgang

11 min - Kallevåg med eit godt frispark frå 20 meter. Keeper Myhra reddar.

14 min - Hødd med eit par halvsjansar etter dødball.

16 min - Bra sjanse for Odd 2 etter rot i Høddforsvaret. Moltu ryddar opp med ei glimrande blokkering.

21 min - Stor sjanse for Odd 2! Moltu mister ballen til Haugen som kjem til ei god moglegheit. Ei blokkering i siste liten gir corner.

32 min - MÅL! Hødd opp i leiinga! Sereba får med seg ballen på 16 meter, og sett den sikkert forbi keeper Myhra. 1-0!

2. omgang

46 min - Kallevåg curlar ballen like utanfor!

72 min - Mork Breivik avsluttar i mål etter pasning frå H. Breimyr. Dommar bles for offside.

84 min - Stor sjanse for Odd 2! Mork Breivik med ein feil i forsvaret. Haugen får sjansen åleine med Urke. God redning! 

KAMPFAKTA

Hødd - Odd 2 1-0 (1-0)

1-0: Didrik Sereba (32 min)

4.runde PostNord-ligaen. Dommar: Mathias Smehus Kringstad. Tilskodarar: 1270. Gule kort: Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise og Vegard Heltne, Hødd. Ardian Gashi og Markus Kaasa, Odd 2. 

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Daniel Eid (Martin Mork Breivik frå 28), Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne - Bendik Torset, Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg - Bendik Rise, Amani Mbedule (Badr Rahhaoui frå 65), Didrik Sereba (Sondre Beite frå 76).

Odd 2 (4-3-3): Viljar Myhra - Erik Eikang, Ardian Gashi, Odin Bjørtuft, John Kitolano - Fredrik Dørsdal, Markus Kaasa (Simen Bjørneboe frå 76), Zakari Messoudi - Filip Delaveris (Marius Larsen frå 53), Sigurd Haugen, Sander Sjøstrøm (Ebenezer Koranteng frå 69).

Annonse fra Obos-ligaen: