Dette skjer på kampdag

Hødd opna sesongen med siger på Høddvoll, og no står nye poeng på spel når Haugesund kjem på besøk – for første gong på heile 18 år. Kampstart er klokka 14.00.

Annonse:

Her finn du oversikt over kva som skjer før og under kampen:

Felt Blå – bli med og skap stemning
Felt Blå vart ein stor suksess i debuten sist, og alt ligg til rette for ny folkefest på ståtribuna når Haugesund kjem. Har du billett til Felt Blå, kan du nytte både inngang 1 og 2.

Før kamp – direktesending i sosiale medium
Frå klokka 13.40 kan du sjå og høyre Arne Flatin i samtale med gjestar direkte på Hødd sine sosiale medium. Denne gongen får han besøk av Lars Arne Nilsen og Andrè Nevstad.

Opplading før kamp
Kaffebaren held ope i timane før kamp, med moglegheit for både mat og drikke.

For Hødd-supportarar i Oslo: Gamle Bjørungs er no offisiell Hødd-pub og møtestad i hovudstaden. Puben ligg like bak Slottet og viser alle Hødd-kampar.

Praktisk informasjon
Portane på Høddvoll opnar 75 minutt før kampstart.
Billettar kan kjøpast på førehand.

Billettkontoret og Hødd-butikken opnar samstundes med inngangen.

VIP og bortesupportarar
VIP-gjester nyttar eigen inngang ved sida av billettkontoret.

Bortesupportarar har inngang ved Høddvoll Panorama (inngang 6). Haugesund melder om rundt 30 tilreisande supportarar.

Stem fram dagens Hødd-spelar
Saman med Sparebanken Møre kan du vere med og kåre dagens Hødd-spelar. Stem avgir du via Hødd si Facebook-side.

 

Annonse fra Obos-ligaen: