Dette skjer på kampdag

Hødd – Åsane – dette må du vite!

Annonse:

Det skjer mykje på kampdag. Her er det viktigaste:

I timane før kamp er det fanzone i Ulsmohallen for alle born. Les meir her!

Hødd set opp gratis buss frå Ulsteinvik skysstasjon til Høddvoll kl. 15.30. Dersom mange nyttar seg av prøvetilbodet, vil klubben vurdere å gjere ordninga permanent.

I samband med «grøn runde» i toppfotballen oppmodar vi alle som kan, til å sykle eller gå til kamp. Sykkelparkering finn du under taket på tribunen på gamle Høddvoll.

På Hødd-butikken på Høddvoll finn du den nye kolleksjonen vår, klar til kamp. Butikken opnar 75 minutt før kampstart. Les meir her!

Før kamp kan du sjå og høyre Arne Flatin i samtale med gjest(ar) på Hødd sine sosiale medium, direkte frå kl. 15.40. Denne gongen er Jesper Tørnqvist gjest.

I pausen blir det parade med dei aktive i Hødd Fotball frå 6 til 12 år. Ta godt imot dei med ein varm applaus!

Brygga Sportsbar i Ulsteinvik held ope i timane før kamp. Her kan du lade opp med god mat og drikke.

For Hødd-supportarar i Oslo minner vi om at Gamle Bjørungs er Hødd-pub og offisiell møtestad i hovudstaden. Puben ligg like bak Slottet og viser alle Hødd-kampar.

Inngangane på Høddvoll opnar 75 minutt før kampstart. Billettar kan du kjøpe her!

Billettkontoret opnar også 75 minutt før kampstart.

Bortesupporterar nyttar inngang 6 ved Høddvoll Panorama.

Saman med generalsponsoren vår, Sparebanken Møre, kan du vere med og kåre dagens Hødd-spelar. Du stemmer via Hødd si Facebook-side.

Annonse fra Obos-ligaen: