Dette skjer på kampdag: Hødd - Strømsgodset
Dette må du vite før kampen mot Strømsgodset. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Det blir Fanzone for born i Ulsteinhallen! Der finn du blant anna eit stort hoppeslott med hinderløype. Det blir også skuddradar, futsal og besøk av A-spelarar.
På Hødd-butikken på Høddvoll finn du vår nye kolleksjon av Hødd-produkt. Butikken opnar 75 minutt før kampstart.
Det er VIP på kampen. Inngang for dei som har billett der er døra ved billettkontoret.
Bortesupporterar har inngang ved Høddvoll Panorama, inngang 6. Strømsgodset reknar med over 100 tilreisande.
Brygga Sportsbar i Ulsteinvik har ope i timane før kamp. Her kan du lade opp med drikke og god mat. NB! For Hødd-supportarar i Oslo, minner vi om at Gamle Bjørungs har blitt Hødd-pub og offisiell møtestad i hovudstaden. Puben ligg like bak slottet, og viser alle Hødd-kampar.
Vi opnar for inngang på Høddvoll 75 minutt før kampstart. Billettar kan du kjøpe her.
Billettkontoret opnar 75 minutt før kampstart.
Saman med vår generalsponsor Sparebanken Møre kan du vere med på å bestemme kven som blir dagens Hødd-spelar. Avgi stemme gjer du via Hødd si Facebook-side.
