Dette skjer på kampdag: Hødd - Stabæk

Det er klart for nest siste heimekamp i Obos-ligaen laurdag 25. oktober kl. 16.00 på Høddvoll. Her er info på kva som skjer før og under kamp.

Annonse:

Vi opnar for inngang ein time før kampstart. Billettar kan du kjøpe her!

Er du Wattn-kunde får du 50% rabatt på billetten til kampane mot Stabæk og AaFK. Rabattkoda finn du enkelt i Wattn-appen.

 

Hødd-butikken er open frå kl. 15.00.

Det er VIP på kampen. Inngang ved billettkontoret.

Bortesupportarar har inngang ved Høddvoll Panorama. Det er venta rundt 100 bortesupportar.

På felt E på hovedtribuna ynskjer nokre unge Hødd-supportarar å lage stemning. Dei ynskjer fleire att med seg, så er du ung supporter, ta gjerne turen dit. Hødd stiller med flagg.

Alle aldersbestemte spelarar må hugse å ta ut gratisbillett på forhand. Uten billett, ingen inngang. Billettypen har namnet "Barn og ungdom U18 år".

Dette skjer på kampdag:

  • Billettar kan du kjøpe her!
  • 14:30 - Opning av VIP-arrangementet. Inngang ved billettkontoret
  • 15:00 - Stadion blir opna (billettkontor, billettscanning og Hødd-butikken)
  • 15:10 - Spelarane kjem ut til oppvarming
  • 15:45 - Oppvarming slutt
  • 15:50 - Lagoppstilling bortelag
  • 15:53 - Lagoppstilling Hødd
  • 15:55 - Innmarsj
  • 15:57 - Hødd-hymna
  • 16:00 - Kampstart Hødd - Stabæk
  • 16:45 - Pause
  • 17:45 - Kampslutt
  • 17:50 - Ta del i dugnaden, ta med deg søppelet og kast det i næraste søppelbøtte

Velkomen til Høddvoll!

Annonse fra Obos-ligaen: