Dette skjer på kampdag: Hødd - Sogndal

Dette må du vite. Her er info:

Annonse:

Det blir Fanzone utanfor Hødd-butikken/billettkontoret for alle born. TheFest kjem, det blir ansiktsmaling, mini-bane, skuddradar, open kiosk og mogleigheiter for å kjøpe supportarutstyr. Fanzone startar kl. 14.30. 

Hødd har satt opp gratis buss frå Ulsteinvik Skysstasjon til Høddvoll med avgang kl. 15.30. 

På 16. mai må vi sjølvsagt ha korpsmusikk. Musikklaget Ulf spelar i pausa på Høddvoll. 

Russen kjem! Mange russ har allereie brukt promokoden som gir tilgang til felt E. 

Dei som har sesongkort på Mini-BLÅ er invitert på samling i storsalen på Høddvollhuset frå kl. 15.00. Der får vi blant anna besøk av eit par Hødd-spelarar og sportssjef Jesper Tørnqvist. 

På Hødd-butikken på Høddvoll finn du vår nye kolleksjon av Hødd-produkt. Butikken opnar 75 minutt før kampstart. 

Før kamp kan du sjå og høyre Arne Flatin med gjestar på Hødd sine sosiale medier direkte frå kl. 15.40. Gjest denne gongen er Davina Rishaug. 

Brygga Sportsbar i Ulsteinvik har ope i timane før kamp. Her kan du lade opp med drikke og god mat. NB! For Hødd-supportarar i Oslo, minner vi om at Gamle Bjørungs har blitt Hødd-pub og offisiell møtestad i hovudstaden. Puben ligg like bak slottet, og viser alle Hødd-kampar. 

Det er VIP på kampen. Inngang for dei som har billett der er døra ved billettkontoret. 

Vi opnar for inngang på Høddvoll 75 minutt før kampstart. Billettar kan du kjøpe HER. 

Billettkontoret opnar 75 minutt før kampstart. 

Bortesupporterar har inngang ved Høddvoll Panorama, inngang 6. Sogndal melder om rundt 50 tilreisande. 

Saman med vår generalsponsor Sparebanken Møre kan du vere med på å bestemme kven som blir dagens Hødd-spelar. Avgi stemme gjer du via Hødd si Facebook-side. 

Annonse fra Obos-ligaen: