Dette skjer på kampdag: Hødd - Egersund
Dette må du vite før kampen mot Egersund. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Hødd har satt opp gratis buss frå Ulsteinvik Skysstasjon til Høddvoll med avgang kl. 16.30.
Russen kjem! Fleire russ tok turen på kamp sist, og dei vil også vere på plass i denne kampen på felt E.
Før kamp kan du sjå og høyre Arne Flatin med gjestar på Hødd sine sosiale medier direkte frå kl. 16.40. Gjest denne gongen er Vegard Håheim-Elveseter (og kanskje også Martin Håheim-Elveseter).
På Hødd-butikken på Høddvoll finn du vår nye kolleksjon av Hødd-produkt. Butikken opnar 75 minutt før kampstart.
Brygga Sportsbar i Ulsteinvik har ope i timane før kamp. Her kan du lade opp med drikke og god mat. NB! For Hødd-supportarar i Oslo, minner vi om at Gamle Bjørungs har blitt Hødd-pub og offisiell møtestad i hovudstaden. Puben ligg like bak slottet, og viser alle Hødd-kampar.
Vi opnar for inngang på Høddvoll 75 minutt før kampstart. Billettar kan du kjøpe HER.
Billettkontoret opnar 75 minutt før kampstart.
Bortesupporterar har inngang ved Høddvoll Panorama, inngang 6.
Saman med vår generalsponsor Sparebanken Møre kan du vere med på å bestemme kven som blir dagens Hødd-spelar. Avgi stemme gjer du via Hødd si Facebook-side.