Dette skjer på Årets kamp

Her er ei oversikt over alt som skjer laurdag - når Hødd møter Åsane til Årets kamp på Høddvoll!

OBOS MINILIGA
Det første som skjer i Ulsmohallen er OBOS-miniliga, der 12 gutelag og 6 jentelag skal spele miniturnering. Her blir det stor aktivitet frå kl. 13.30 til rundt kl. 15.30!
 
HØDD FANZONE+
Vi inviterer også til Hødd Fanzone+ i i forkant av kampen mot Åsane. 
 

Hødd Fanzone+ starta kl. 14.00 i Ulsmohallen og her vil det vere stor aktivitet for alle som kjem innom. Det blir konkurransar, utdeling av giveaways og masse spennande som skjer. Kanskje klarer du også å slå driblefanten Isak?


Program:
- Ansiktmaling
- Glittertatuering
- Batman og Spiderman kjem og kanskje det blir det ein fotballkamp mellom dei?
- Tare kjem
- Driblefanten
- Skuddradar
- MOT stand
- Kiosk
- Musikk og god stemning
 
Heile programmet er ferdig rundt 15.30 / 15.45!
 
HØDD - ÅSANE
Dette er også Årets kamp på Høddvoll, der bedrifter og privatpersonar bidreg slik vi kan opne for gratis inngang for alle. Tusen takk til alle som har bidrege så langt, og som har tenkt å gi eit bidrag til kampen.
 

Gå inn her for å gi eit bidrag

 
Ei viktig presisering her er at sjølv om det er gratis, så må alle hente seg ut ein billett til kampen. Vi har krav frå NFF om at alle må ha billett for å kome inn på stadion - slik at tala vi rapporterer inn blir korrekte.
 

Hent ut gratis kampbillett her

 
Vi håper å sjå deg på kamp laurdag!
Annonse fra Obos-ligaen: