Dette skjer i Hødd
Her er noko av det som står på programmet den komande tida.
Gratis inngang til «Årets kamp»
Søndag 30. august klokka 17.00 tek Hødd imot noverande serieleiar Stabæk på Høddvoll. Oppgjeret er «Årets kamp», og det blir gratis inngang for alle.
Vi håpar å fylle tribunane og skape ei fantastisk ramme rundt ein av sesongens største kampar. Ta med familie, vener og naboar – saman lagar vi folkefest på Høddvoll!
Mange Hødd-spelarar i landslagsskulen
Troppene til landslagsskulen for hausten 2026 er no klare, og Hødd er godt representert. Klubben har åtte spelarar tekne ut på kretslag og ti spelarar på bylag.
Vi gratulerer alle spelarane med uttaket og ønskjer lukke til! Oversikta over troppene finn du her!
Flotte prestasjonar i Norway Cup
Hødd stilte med ti lag under årets Norway Cup, som ga mange gode minner og fotballmoro.
Det største høgdepunktet var J15/16, som vann A-sluttspelet i 7-arfotball. I tillegg spelte både J15 og G14 seg fram til kvartfinalen i A-sluttspelet i 11-arfotball.
Gratulerer til alle spelarar, trenarar og støtteapparat med flott innsats!
Talentleir på Høddvoll
Frå fredag til søndag blir den årlege Talentleiren arrangert på Høddvoll. Rundt 100 spelarar deltek gjennom helga.
Desse laga er representerte:
- Sunnmøre J13
- Nordmøre og Romsdal J14
- Team Møre J14
- Team Møre J15
Vi ønskjer alle spelarar, trenarar og støtteapparat velkomne til ei innhaldsrik fotballhelg på Høddvoll.
OBOS-camp neste veke
Måndag startar OBOS-camp på Høddvoll. Fotballskulen varer frå måndag til fredag og er open for barn i alderen 6–12 år.
Over 100 deltakarar er påmelde, og vi gler oss til ei veke fylt med fotballglede, aktivitet og gode opplevingar.
Sommarproff for 11–13-åringar
Frå onsdag til fredag neste veke blir Sommarproff arrangert for spelarar i alderen 11–13 år.
Rundt 20 spelarar er påmelde, og treningane blir leia av akademitrenarane i Hødd.
Rekruttane møter Kristiansund 2
Hødd 2 er godt i gang med oppkøyringa til haustsesongen i 4. divisjon. Fredag klokka 14.00 møter laget Kristiansund 2 til treningskamp på Høddvoll.
Rett etter rekruttkampen spelar også Hødd G17 treningskamp mot Kristiansund på Høddvoll.
G16 møter AaFK i NM
Hødd G16 har så langt i NM vunne mot Nationalkameratene (6–0), Rival (3–2) og Kristiansund (3–2).
Laurdag 15. august ventar AaFK på Color Line Stadion. Kampstart er klokka 15.00.
Ny gruppe for Hødd G15 Nasjonal
Hødd G15 Nasjonal er klare for haustsesongen og er i gruppe saman med Kongsvinger, Moss, Raufoss og Sogndal.
Første kamp blir spela på Høddvoll onsdag 12. august klokka 13.00, når Raufoss kjem på besøk.
Damelaget førebur haustsesongen
Damelaget er godt i gang med oppkøyringa til haustsesongen.
Den første seriekampen etter sommarpausen blir spelt borte mot Blindheim onsdag 26. august.
Hødd-lag til NTF-turneringar
Fleire Hødd-lag skal representere klubben på NTF-turneringar i haust.
Hødd Elite G12 reiser til Bergen 14.–16. august. Der møter laget KFUM og Kongsvinger i gruppespelet laurdag før sluttspel søndag.
Hødd Elite G13 reiser til Bergen 28.–30. august. I gruppespelet ventar Brann, Sarpsborg 08 og HamKam, før sluttspel søndag.
Hødd Elite G14 deltek på turnering i Hamar 11.–13. september. Der møter laget Molde og Sandnes Ulf i gruppespelet laurdag før sluttspel søndag.
NM i straffespark