Dette skjer i helga!

Også denne helga er det stor aktivitet på Høddvoll!

HØDD - AAFK

Fredag spelar Hødd treningskamp mot AaFK på Høddvoll og kampstart er satt til kl. 16.00!

Laga møtte kvarandre tidlegare i oppkøyringa og då tapte Hødd 4-1 på Color Line Stadion. No har Hødd laget fått fleire kampar i beina og vi forventa derfor å sjå eit meir samspelt lag som vil gi AaFK kamp på Høddvoll.

HØDD 2 - SPJELKAVIK

Rett etter kampen mot AaFK skal Hødd 2 i aksjon mot divisjonskollega Spjelkavik. Kampstart kl. 18.00!

Spjelkavik hadde ein god sesong i Norsk Tipping-ligaen i fjor og var med å kjempa i toppen av tabellen gjennom heile sesongen. Det blir derfor ein god referansekamp for det unge Hødd 2 laget.

HØDD - HAREID (G19)

Laurdag spelar også Hødd G19 treningskamp mot Hareid. Kampstart kl. 14.00.

SPONSORCUP

Laurdag er vi endeleg i gang igjen med Sponsorcup og turneringa går i Ulsteinhallen. Første kamp starta kl. 10.00 og desse bedriftene er påmeldt årets turnering:

Adviso Advokatfirma, DIMO, Entec Group, Furene, Jets Vacuum, Kongsberg Maritime, Spenncon, Tussa Installasjon, Ulstein Verft.

Sjå kampoppsettet her:

 

PARKERING

Det er stor byggeaktivitet rundt Høddvollhuset for tida. Vi ber derfor alle om å nytte parkering ved UVS eller Høddvoll Panorama. 

Det blir open kiosk både fredag og laurdag. Speakerteneste begge dagane.

Fredag:

16:00 Hødd - AaFK
18:00 Hødd 2 - Spjelkavik
 

Laurdag:

10:00 - 17:00 Sponsorcup

Vi håper å sjå deg på Høddvoll i helga!

Annonse: