Deniss Korneiciks klar for Hødd
Deniss Korneiciks har signert ein avtale med Hødd ut 2024-sesongen. Toppfotball
Deniss har dei siste to åra spelt for Lysekloster. Etter god dialog med Lysekloster er Deniss no klar for sin andre periode i Hødd.
- Med Sander til KBK hadde vi plutseleg eit hol å fylle, og vi er veldig glade for å ha fått på plass ein rutinert keeper som vi i tillegg kjenner godt til frå tidlegare. Deniss passa godt inn i gruppa, vi får ein god keeper inn og styrka teamet der, seier Sportssjef Jesper Törnqvist.
Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar.
- Det å få Deniss på plass, gjer at keeperteamet vårt er tilbake i balanse. Deniss er ein rutinert keeper med masse erfaring, og god kjennskap til klubben vår. Velkommen tilbake til Høddvoll.
Hødd Fotball vil takke Ruben, Svein og Lysekloster for ein god dialog og prosess rundt overgangen til Deniss.
Vi ønsker Deniss velkomen tilbake i Hødd-drakta!