
Debuterer med ny drakt i kampen mot Sogndal
Når Hødd tek i mot Sogndal på Høddvoll søndag 11. mai er det med ei heilt spesiell drakt. Toppfotball Sponsor/ samarbeidspartnar Heimebaneprosjektet
Klubbens aller første berekraftsdrakt i historia skal takast i bruk søndag i Heimebanekampen mot Sogndal. Ei heilt spesiell drakt som skal rette eit ekstra sterkt fokus på klubbens Heimebaneprosjekt og FN´s berekraftsmål.
Drakta er designa i samarbeid med vår utstyrsleverandør Puma, og vi retta ein stor takk til dei for samarbeidet med å lage denne flotte drakta.
Det har også vore ein tanke rundt designet på drakta, og elementa i drakta har derfor også ei betydning.
- Drakta sin grønfarge skal representere vårt berekraftsarbeid gjennom Heimebaneprosjektet.
- Den marineblå fargen er ein hyllest til den maritime bransjen i regionen.
- Dei blå bølgene representerer Ulstein Kommune som kystkommune.
- Dei kvite logane på drakta er eit hint om ei lys framtid for klubben i vårt hjarte.
- Den moderniserte runeskrifta på drakta er eit hint til Hødd-logoen og ein hyllest til vikingen i logoen.
*Runeskrifta på drakta gjeld for dei draktene (private) som er førehandsbestilt med namn. Det er også snart mogleg å kjøpe drakta i Hødd-butikken.
På herrelaget sine drakter er det standardskrift for OBOS-ligaen som er brukt, då dette er eit krav i denne divisjonen.
Til alle som har førehandsbestilt drakta, så vil nokre av draktene bli ferdige denne veka og resten i løpet av neste veke. Vi gir beskjed til alle som har bestilt så fort drakta er klar for henting.
Møt opp på Høddvoll søndag, støtt laget, klubbens Heimebaneprosjekt og FN´s berekraftsmål!
KJØP KAMPBILLETT HER!
