
Damelaget møter Volda fredag
Fredag tek damelaget i mot Volda til kamp på Høddvoll med kampstart kl. 18.30.
Kampen skulle eigentleg gå onsdag, men pga. cupkampen mot Florø vart denne kampen flytta til fredag.
Full pott for Volda-damelag
Volda har starta sesongen bra og leiar 3.divisjon etter to serierunder. Laget står med 6 poeng og har ei luke ned til Hødd på 4 poeng. Damelaget til Volda blir trena av tidlegare Hødd-trenar for damelaget Ole Per Kragset.
Spelarprofilar på Volda
To spelarar som Hødd-damene må sjå opp for er Camilla Holmeset Aure og Maren Rogne Vatne.
Camilla Holmeset Aure står med 19 mål på 39 kampar og Maren Rogne Vatne står med 25 mål på 51 kampar i Volda-drakta.
Begge to har starta sesongen godt med skoring i begge kampane i år og det er derfor to Volda-spelarar ein bør passe ekstra på.
Kan knappe inn på forspranget til Volda med siger
Hødd-damene har starta sesongen greit og står med 2 poeng etter to serierunder, men med siger mot Volda kan dei knappe inn forspranget som Volda har frå fire til eitt poeng. Det er derfor ein viktig kamp som damelaget spelar i morgon. Om laget skulle tape vil Volda få ei stor luke på heile sju poeng.
Siste finpuss før kampen mot Volda vart gjort på torsdagstreninga og vi håper å sjå eit heiltent damelag som slår godt frå seg fredag.
Vi trur at Hødd-damene spelar ein god kamp fredag og tek årets første 3 poengar i ein jamn og tett kamp mot Volda.