Charles Ondo klar for Hødd

Charles Ondo har signert ein kontrakt med Hødd som strekkjer seg fram til 31. juli 2028. Foto: Portland Timbers

Annonse:

22-åringen kan bekle venstresida i forsvar. Han kjem frå Portland Timbers i USA, der han har spelt dei to siste sesongane. Ondo har også åtte landskampar for Ekvatorial-Guinea, den seinaste i mars i år.

Ondo er oppvaksen i England og debuterte for Huddersfield mot Hull i Championship i 2022. Seinare var han på lån i Waterford i Irland og Ebbsfleet i England, før turen gjekk vidare til vestkysten av USA.

Photo: Craig Mitchelldyer-Portland Timbers
Photo: Craig Mitchelldyer-Portland Timbers

Sportssjef Jesper Tørnqvist er godt nøgd med den nye signeringa:

– Charles er ein offensiv og moderne venstre stoppar/venstreback med stor fart og gode kvalitetar både med og utan ball. Vi meiner han passar godt inn i måten vi ønskjer å spele fotball på, og vi gler oss til å få han inn i gruppa.

Ondo sluttar seg til Hødd-troppen i løpet av veka.

Velkomen til Hødd, Charles!

Annonse fra Obos-ligaen: