Byttedag og Fanzone i Ulsmohallen
Vinn eit reisegåvekort på 10 000 kroner, gjer eit kupp på Hødd-utstyr og bli med på aktivitetane i Ulsmohallen før Hødd–Bryne søndag! Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Søndag klokka 17.00 møter Hødd Bryne på Høddvoll i ein viktig kamp i kampen om opprykksplayoff. Før avspark blir det full aktivitet i Ulsmohallen frå klokka 15.30, med byttedag, Fanzone, gode tilbod og ein konkurranse der vinnaren stikk av med eit reisegåvekort på heile 10 000 kroner!
Kjøp kampbillett her!
Byttedag for fotballutstyr
I den eine delen av Ulsmohallen arrangerer Heimebaneprosjektet i klubben byttedag. Her kan foreldre ta med fotballutstyr som borna har vakse frå, og byte med andre. Kanskje finn du nye fotballsko eller anna utstyr som kjem til nytte!
I tillegg sel Hødd Puma-utstyr til sterkt rabatterte prisar – berre 100 kroner per plagg.
Fanzone for store og små
I den andre halvdelen av Ulsmohallen blir det Fanzone med aktivitetar for store og små. Her kan du prøve deg på hoppeslott, skuddradar, ballbingar og trikseløype. I tillegg kan du delta i konkurransen om eit reisegåvekort på 10 000 kroner!
Konkurrer om eit reisegåvekort på 10 000 kroner!
Alle kan delta i konkurransen. Skriv namnet ditt på ein lapp i Ulsmohallen, så er du med i trekninga. Før pausen i Hødd–Bryne trekkjer vi ut ti deltakarar som får prøve seg på bana.
Oppgåva er enkel: Kvar deltakar skal kaste ein tennisball frå midtsirkelen og prøve å treffe så nær midtpunktet på bana som mogleg. Den som kjem nærast, vinn reisegåvekortet på10 000 krone.
Tusen takk til vår gode samarbeidspartnar, og kampsponsor for dagen - G travel som bidreg med premien!

- Alle kan delta ved å skrive namnet sitt på ein lapp i Ulsmohallen.
- Ti deltakarar blir trekte ut før pausen i kampen.
- Den som blir trekt ut først, kastar først. Deretter kastar deltakarane i den rekkjefølgja dei blir trekte ut.
- Born under 10 år som blir trekte ut, kan få ein føresett til å kaste på sine vegner.
- Dersom ein tennisball kjem borti ein annan ball, skal begge ballane bli liggjande der dei stoppar etter samanstøyten. Det er den endelege posisjonen til ballane som avgjer kven som kjem nærast midtpunktet.
- Deltakaren som kjem nærast midtpunktet, vinn premien på 10 000 kroner.
Vi startar i Ulsmohallen klokka 15.30 – og klokka 16.45 går vi samla vidare til Høddvoll!
Ta med familie og kjende, bli med på aktivitetane og støtt Hødd i den viktige kampen mot Bryne. Vi treng deg på tribuna! 💙