Bruttotropp Team Søre f. 2004
Bruttotroppane til Team Søre født i 2004 er no klare.
Ansvarlege for Satellittane på Søre Sunnmøre har no teke ut Team Søre G/J 2004 sine bruttotropper, etter at Satellitt-året vart avrunda med turnering laurdag 1. april.
Dette betyr at alle som no er i bruttotroppa får sjansen til å vise seg fram på nokre treningar, før trenarane kan gjere endringar til ei mindre treningsgruppe, og/eller endre på troppen. Dette gjeld bylaget for både gutar og jenter.
Dermed er det viktig for kvar enkelt spelar å gripe sjansen og vise seg fram på dei fyrste treningane. Det gjer ein ved gode førebuingar, konsentrasjon og tilstedeværelse i trening, og at spelarane byr på seg sjølv.
Vi kjem til å legge alle spelarane inn i treningsokta.no, og brukar dette verktøyet for vidare kommunikasjon med kvar enkelt. Der vil det blir lagt inn kva datoar vi trenar på, samt at ein bruker verktøyet til å sende ut fellesinformasjon. Derfor er det viktig å gje beskjed så fort som råd dersom nokon ikkje har innloggingsinformasjon.
Trenarar TS Gutar
Tarald Laugsand (Hødd), Sander Nyland (Hødd), Sebastian Nilsen (Hødd) og Tom Malins (Volda).
Trenarar TS Jenter
Torbjørn Rekdal (Larsnes) og Kai Are Strande (Ørsta).
Ser fram til eit flott bylagsår!