Bror Riise signerte Hødd-kontrakt
Bror Riise har signert kontrakt med Hødd som strekkjer seg til sommaren 2029. Toppfotball
Den 15 år gamle midtstopparen har hatt ei flott utvikling den siste perioden, og Hødd har no sikra seg ein langsiktig avtale med den unge spelaren.
Sportssjef Jesper Tørnqvist er svært nøgd med at avtalen er på plass.
– Bror har hatt ei flott utvikling den siste perioden og er ein moderne stoppar med både storleik og fart. At vi no signerer Bror på ein lang avtale, viser at klubben har stor tru på unge, lokale spelarar, seier Tørnqvist.
Han meiner signeringa også er ei anerkjenning av arbeidet som blir lagt ned av trenarar og leiarar i Hødd over mange år.
– Signeringa av Bror er òg eit klapp på skuldra til alle som brukar timevis på Høddvoll som trenarar og leiarar. Utviklinga hans er eit resultat av den gode jobben som blir lagd ned gjennom mange år.
No ser Tørnqvist fram til å følgje den vidare utviklinga til Riise i Hødd.
– Vi gler oss til å jobbe vidare saman med Bror og dei næraste rundt han i tida som kjem. Vi ser fram til å følgje utviklinga hans vidare i Hødd-drakta.