
Bli med på folkefesten
Laurdag 7. oktober kl. 18.00 blir det storkamp mot Kristiansund BK. Det blir også eit stort familiearrangement i forkant av kampen og dette kan du ikkje gå glipp av!
Mykje skal skje på Høddvoll når vi inviterer til storkamp mot Kristiansund BK!
Det blir OBOS-miniliga, OBOS Fanzone+, VIP og til slutt kamp mellom Hødd og KBK, så her blir det stor aktivitet både for store og små. Les om alt som skjer lenger nede i saka.
Sett av datoen, og ta turen innom Høddvoll!
OBOS-miniliga
Deltakarane får også gratisbillett til kampen og utdelt ein Kuli leskedrikk sponsa av Coop.

OBOS Fanzone+
Ligasponsor OBOS og NorgesExpo kjem med ein trailer fylt med telt, aktivitetar og mykje anna gøy!
OBOS, Norsk Toppfotball, Generalsponsor Sparebanken Møre og fleire av samarbeidspartnarane stiller med aktivitetar og konkurranser under OBOS Fanzone+, og det blir eit program på scena fylt med god underholdning.
Han har triksa i lag med fleire store fotballspelarar som blant anna Ronaldhino, Zlatan, Haaland, Martin Ødegaard og Ronaldo R9.
Ta turen innom!



VIP
Vi skrur ned prisen på VIP til kampen mot Kristiansund BK!
Vi prøver ut eit nytt matkonsept i samarbeid med Willy`s Gourmet. Willy vil lage maten på kjøkkenet i VIP lokala og stå for servering. Her kan vi love at du får ein smaksrik opplevelse, og at du skal vere god og mett når du går heim frå kamp.

Hødd - Kristiansund BK
Vi dumpa også prisen på kampbilletten, og denne får du kjøpt for berre 50kr, Ja, du leste rett!
Ta med deg familien, vennegjengen eller ein nabo på kamp og la oss fylle tribunene.
Bli med på folkefesten!
Kjøp kampbillett her!
