Bli med og støtt barnefotballen i Hødd
Søndag er det Årets kamp på Høddvoll. No håper vi at flest mogleg privatpersonar vil vere med på laget og gi eit lite bidrag per tilskodar. All støtte går tilbake til barnefotballen i Hødd. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo Breiddefotball
Når Hødd møter Stabæk søndag, handlar det om meir enn tre poeng i OBOS-ligaen.
Årets kamp er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til barnefotballen vår, og no håper vi at heile Hødd-familien og lokalsamfunnet vil vere med og bidra.
Du bestemmer sjølv kor mykje du vil gi
Det treng ikkje vere mykje. Når mange bidreg litt kvar, kan vi saman skape eit stort resultat.
Med 1 650 tilskodarar på Høddvoll vil til dømes:
0,25 kr per tilskodar = 412,50 kr
0,50 kr per tilskodar = 825 kr
0,75 kr per tilskodar = 1 237,50 kr
1 kr per tilskodar = 1 650 kr
Du bestemmer sjølv beløpet du ønskjer å bidra med.
👉 BLI MED OG GI DITT BIDRAG HER
Alt går tilbake til barnefotballen
Det viktigaste med Årets kamp er kva pengane skal brukast til.
Alle inntektene frå prosjektet går tilbake til barnefotballen i Hødd.
Bidraga er med på å skape aktivitet, utvikling og gode fotballopplevingar for barn og unge – og gir oss betre føresetnader for å halde oppe eit godt og inkluderande aktivitetstilbod.
For oss handlar dette om å gi flest mogleg barn moglegheita til å oppleve fotballglede, meistring, vennskap og fellesskap på Høddvoll.
Når mange bidreg litt, blir det mykje 💙