Bli med og skap god cupramme på Hødd–Tynset!

Søndag klokka 13.00 tek Hødd imot Tynset i 1. runde i NM, og vi håpar på mykje folk på Høddvoll!

Annonse:

Allereie frå klokka 12.00 skjer det ting i Ulsmohallen, før vi saman skaper liv på tribuna når kampen startar.

MiniFanzone i Ulsmohallen

Frå klokka 12.00 kan dei yngste bli med på MiniFanzone i Ulsmohallen. Her blir det fleire aktivitetar å bryne seg på før kampen:

  • Ansiktsmaling
  • Skuddradar
  • Minibane 3-ar
  • Tare kjem

Når kampstart nærmar seg, går turen vidare til Høddvoll for å heie fram Hødd i cupen.

Fyller Felt Blå

SUFH og Mini-Blå blir med på kampen og fyller opp Felt Blå. Her skal det vere liv og støtte frå tribuna når Hødd går på jakt etter avansement i NM.

Treng du supporterutstyr til kampen? Hødd-butikken er open, og kiosken er sjølvsagt også på plass.

Etter kampen er Hødd-laget tilgjengeleg for autografskriving.

Vi håpar du blir med og skaper gode cuprammer på Høddvoll!

Annonse fra Obos-ligaen: