Bli kjent med vår nye utviklingsleiar for jente- og kvinnefotball
Høyr vårt fyrste intervju med Vibeke Innselset og hennar tankar om den nye stillinga. A-lag damer Like moglegheiter
Vibeke Innselset byrja denne veka i den nyoppretta stillinga som utviklingsleiar for jente- og kvinnefotballen i Hødd. Vi tok oss ein prat med 27-åringen om tankane hennar kring den nye rolla.
Kan du fyrst fortelje litt om bakgrunnen din?
– Ja, eg har sjølv litt bakgrunn som spelar, mellom anna i Stordal, Molde, Træff, Volda og Sogndal. Så eg har brei erfaring frå fleire klubbar og miljø rundt om i regionen. I tillegg har eg vore hovudtrenar for eit par jentelag, og eg held no på med å ferdigstille masteroppgåva mi i idrettsvitskap.
Er dette di fyrste veke i Hødd?
– Ikkje heilt. Eg spelar på damelaget til Hødd, og så har eg vore litt med herrelaget der eg har samla inn data til masteroppgåva mi.
Kva blir hovudarbeidsoppgåvene dine framover?
– Det blir å jobbe strategisk, administrativt og sportsleg med jentefotballen, og bidra til å skape ein betre kvardag for spelarane.
Korleis skal du gå til verks med desse arbeidsoppgåvene?
– Fyrst og fremst har eg lyst til å bli kjend med alle i klubben, både kollegaene mine og dei eg skal samarbeide med av trenarar og spelarar. Då kan vi få eit godt samarbeid og saman skape ein betre kvardag for jente- og kvinnefotballen i Hødd.
Vi gler oss veldig til å få deg på plass, og trur dette blir eit stort løft for jentefotballen i Hødd.
Tusen takk!