Bli ein god Hødd-ven

Som ein del av vårt berekraftsprosjekt skal vi bidra til eit meir inkluderande samfunn i Ulstein Kommune og i regionen.

KLUBBEN FOR HEILE REGIONEN

"Vi kan ikkje gjere alt, men vi kan gjere noko i samarbeid med deg"
"Kvar dag - saman for regionen"
 

Det å stille opp for eit familiemedlem, ein nabo, ein ven, ein kollega eller nokon du ser har det vanskeleg i kvardagen er viktig for oss, og vi som klubb skal vere med på å bidra til eit meir inkluderande samfunn.

Kjenner du nokon som er einsam, sete mykje heime for seg sjølv og syns dørstokkmila er lang?

Kanskje du kan bidra til at nettopp denne personen får ein dag på Høddvoll ein seint vil gløyme, ei positiv oppleving som gjer at dørstokkmila ikkje blir like lang neste gong.

- Vi som klubb må ta einsemd på alvor, og i tråd med vårt berekraftsarbeid, og i samarbeid med DEG, håpar vi at enda fleire blir inkludert i Hødd-familien, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball – André Aurvåg Gardshol.

Vi som klubb oppmoda derfor alle til vere ein god Hødd-ven i årets sesong, og stille opp for nokon som er einsam. Vi oppmoda om å starte allereie onsdag når Hødd spelar cupkampen mot Molde.

Inviter, bidra med transport til og frå Høddvoll, og vi spanderer kampbilletten til personen du tek med på kamp.

Send e-post til [email protected] for å få tilgang til fribillett.

Bli ein god Hødd-ven! 

 

 

Annonse: