Blåsarane på tur

Bli med Blåsarane på tur til Brattvåg!

Vår solide støttespelar og 12 mann Blåsarane er sjølvsagt klar for kamp 2. pinsedag og legg derfor opp til bortetur til Brattvåg stadion.

Alt ligg til rette for ein kamp med god stemning og trøkk frå tribunen.

Bli med på tur til Brattvåg

Avreise måndag 20. mai kl. 14.00 frå Ulsteinvik.
Avspark Brattvåg - Hødd kl. 18.00.
Retur til Ulsteinvik etter kampen.
 
Det blir samling på bowlingen i Brattvåg før kamp, med moglegheit til å kjøpe mat og drikke.
 
Pris: 300kr per. person / MiniBlå 150kr per. person
Betaling i bussen med VIPPS eller kort. 
Prisen er ikkje inkludert kampbillett.
 
Vår gode samarbeidspartnar på bussreiser West Auto køyrer supporterbussen til Brattvåg.
 
Frist for påmelding: Torsdag 16. mai kl. 20.00!

Meld deg på her!

 

Bli med til Brattvåg og gi laget den støtta dei fortener!

Heia Hødd!

Annonse: