Blåsarane og Hødd mobiliserer

Blåsarane og Hødd mobiliserer inn mot serieinnspurten, og oppmoda samtidig folk til å kome på kamp!

Torsdag kveld inviterte vi inn Blåsarane til ein prat på Høddvollhuset. Supporterklubben er ein viktig støttespelar som klubben setter utruleg stor pris på.

Det å drive ein supporterklubb, og reise land og strand for å støtte laget er ikkje billig. Som takk for støtta valte klubben å gi eit støttebeløp til Blåsarane på kr. 10 000,- og dette vart godt tatt imot av supporterklubben sine representantar som var på møtet i går kveld.

Vi oppmoda også fleire til støtte Blåsarane og bli medlem i supporterklubben. Støtt Blåsarane med å sende eit Vipps-beløp til 539323.

Medlemsskapet kostar kr. 200,- for vaksen, men ønsker du å støtte med meir, så vil dei nok sette veldig stor pris på det.

Vaksen kr. 200,-
Barn/ honnør/ student kr. 100,-
Familie kr. 500,-
 

Målet med møtet var å mobilisere inn mot serieinnspurten, men samtidig diskutere kva vi kan gjere i fellesskap i framtida for å skape meir blest og engasjement rundt klubben – slik at enda fleire vel bort TV-skjermen og heller kjem til Høddvoll for å følgje laget.

Ønsker du også å stå med Blåsarane og MiniBlå, så er du hjerteleg velkomen til å vere med.

Under møtet vart fleire ting diskutert som flagging på alle butikkar i sentrum, bekledning til tilsette i butikkar/ kjøpesenter på kampdag, dekorering av butikkar og fellesområder, blussing på kamp og fleire andre gode tiltak.

No venta ein spennande serieinnspurt og laget treng DIN støtte i dei komande kampane. I samarbeid med Blåsarane oppmoda vi fleire til å kome på kamp, og at bedriftene som har sesongkort i avtalen nyttar desse og kjem på kamp. Tenk kor kjekt det hadde vore med fulle tribuner!

Bli med og støtt laget!

Annonse fra Obos-ligaen: