Blåsarane: - Gler oss til sesongstart!

Vi har tatt oss ein uhøgtidleg prat med Guttorm Vartdal frå Blåsarane.

Blåsarane har vore Hødd sin trufaste supporterklubb sidan 2002. Det siste året har vore tøft for også dei. Men no er det endeleg klart for kamp på Høddvoll og supporterklubben er i alle fall klar.

Korleis står det til med Blåsarane, Guttorm?

- Det siste året har det vore stille og roleg, mykje grunna korona. Men den harde kjerna gler seg veldig til sesongstart!

Kva trur Blåsarane om årets spelarstall og den komande sesongen?

- Vi er spente på årets stall. Det er ein del nye ansikt, men vi ser at vi har fått inn spelarar med rutine frå høgare nivå. Dei fleste av oss forventar at vi skal kjempe i toppen og at det er på tide å rykke opp.

Kva er det som skal til for å få det til?

- Ein god start er viktig. Spelarane må vere godt trent og gi alt i kvar kamp. Det viktigaste er uansett å score meir mål enn motstandaren.

Vil du få med deg alle heimekampane i år? Kjøp sesongkort her.

Kven trur de blir dei tøffaste motstandarane i år?

- Vi kjenner dessverre lite til dei andre laga, så det er ikkje godt å seie i desse koronatider. Tenker uansett at Kongsvinger skal vere med å kjempe i toppen, så kjem det sikkert ei eller fleire overraskingar i løpet av sesongen.

Til slutt, er det håp om å få reise til bortekampar i år?

- Det var lite reising i fjor, så vi håper det opnar opp meir for det utover hausten. Mange er reiseklare i Blåsarane!

Søndag speler Hødd sin siste treningskamp på Høddvoll, og vi ynskjer både Blåsarane og alle andre (maks. 600) velkomne til kamp (billettinfo kjem seinare).

Annonse: